Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Nye Testamentet > Paulus brev til filipparane

Paulus’ brev til filipparane

1. kapitlet

1 Paulus og Timoteus, Kristi Jesu tenarar, til alle dei heilage i Kristus Jesus, som er i Filippi, med tilsynsmenner og tenarar for kyrkjelyden:

2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!

3 Eg takkar min Gud so tidt eg tenkjer på dykk,

4 med di eg alltid, kvar gong eg bed, gjer mi bøn for dykk alle med gleda,

5 på grunn av dykkar samfund med meg i arbeidet for evangeliet frå fyrste dagen og alt til no.

6 Og eg er fullvis um dette, at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne alt til Jesu Kristi dag,

7 liksom det er rett av meg å tenkja so um dykk alle, etter di eg ber dykk i hjarta både i mine lekkjor, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet, sidan de alle er luthavande med meg i nåden.

8 For Gud er mitt vitne, kor eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.

9 Og dette bed eg um, at dykkar kjærleik endå må verta alt rikare og rikare på kunnskap og skynsemd,

10 at de må kunna døma um dei ymse ting, so de kann vera reine og ikkje til meinstøyt til Kristi dag,

11 fyllte med rettferds frukt, som er verka ved Jesus Kristus, Gud til æra og lov.

12 Eg vil at de skal vita, brør, at min lagnad heller hev vore til framgang for evangeliet,

13 so det hev vorte kunnigt for heile livvakti og for alle andre, at eg er i lekkjor for Kristi skuld,

14 og dei fleste av brørne i Herren hev fenge tiltru til mine lekkjor og dermed fenge endå meir mod til å tala ordet utan otte.

15 Sume forkynner vel og Kristus av ovund og kivslyst, men sume og av godvilje;

16 desse forkynner Kristus av kjærleik, med di dei veit at eg er sett til å forsvara evangeliet,

17 men hine gjer det av stridssykja, ikkje med rein hug, for dei tenkjer å leggja trengsla til mine lekkjor.

18 Kva so? Kristus vert då forkynt på kvar måten, anten det no vert gjort for syn skuld eller i sanning, og yver dette gled eg meg, ja, eg skal og heretter få gleda meg.

19 For eg veit at dette skal verta til frelsa for meg ved dykkar bøn og hjelp av Jesu Kristi Ande,

20 etter mi lengting og von, at eg ikkje i nokon ting skal verta til skammar, men at Kristus, som alltid, so og no, med alt frimod skal verta herleggjord ved min likam, anten det vert ved liv eller ved daude.

21 For livet det er for meg Kristus, og dauden ei vinning.

22 Men dersom det å liva i kjøtet gjev meg frukt for mi gjerning, so veit eg ikkje kva eg skal velja;

23 for eg stend rådvill millom dei tvo ting, med di eg hev hug til å fara herifrå og vera med Kristus, for det er so ovleg mykje betre.

24 Men å verta verande i kjøtet er naudsynlegare for dykkar skuld.

25 Og då eg er viss på det, so veit eg at eg skal verta i liva og vera hjå dykk alle til dykkar framgang og gleda i trui,

26 so dykkar ros kann verta rik i Kristus Jesus ved meg når eg kjem til dykk att.

27 Berre far dykkar livsferd so som verdigt er for Kristi evangelium, so eg, anten eg kjem og ser dykk eller er fråverande, kann høyra um dykk at de stend faste i ein Ande, og med ei sjæl strider med meg for trui på evangeliet

28 og ikkje i nokon ting let dykk skræma av deim som stend i mot; det er for deim ei varsling um undergang, men for dykk um frelsa, og det frå Gud,

29 For dykk vart det unnt, for Kristi skuld, ikkje berre å tru på honom, men og å lida for hans skuld,

30 med di de hev den same strid som de såg på meg og no høyrer um meg.

2. kapitlet

1 Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn:

2 so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,

3 ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.

4 Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!

5 Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,

6 han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,

7 men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneskje, og då han i åtferd var funnen som eit menneskje,

8 nedra han seg sjølv, so han vart lydug alt til dauden, ja til dauden på krossen.

9 Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn,

10 so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og på jordi og under jordi,

11 og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.

12 Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte!

13 For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje.

14 Gjer alt utan murring og tvilsmål,

15 so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,

16 med di de held fram livsens ord, meg til ros på Kristi dag, at eg ikkje hev laupe til unyttes eller arbeidt til unyttes.

17 Men um eg og vert ofra, medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gled eg meg og gled meg saman med dykk alle.

18 Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg!

19 Eg hev den voni i Herren Jesus, at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg fær vita korleis det er med dykk.

20 For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk.

21 For dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;

22 men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet.

23 Honom vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi.

24 Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.

25 Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til hjelp for mi trong,

26 av di han lengta etter dykk alle, og var ottefull for di de hadde høyrt at han var sjuk.

27 For han var verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot honom, ja, ikkje berre mot honom, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg.

28 Difor sender eg honom so mykje snarare, at de kann gleda dykk ved å sjå honom att, og eg vera meir sutlaus.

29 Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!

30 For for Kristi gjerning skuld kom han dauden nær, då han ikkje vyrde sitt liv, so han kunde bøta på saknaden av dykk ved tenesta mot meg.

3. kapitlet

1 Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.

2 Sjå hundarne, sjå dei vonde arbeidarar, sjå dei sundskorne!

3 For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss av Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt,

4 endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir.

5 Eg er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebræar av hebræarar, i syn på lovi ein farisæar,

6 i ihuge ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulasteleg.

7 Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap,

8 ja, eg held og i sanning alt for tap mot det som er so mykje meir verdt: kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, berre eg kann vinna Kristus

9 og verta funnen i honom, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui,

10 so eg må kjenna honom og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med honom i hans daude,

11 um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude.

12 Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen! men eg jagar etter det, um eg og kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus.

13 Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det.

14 Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfyre, og tøygjer meg etter det som er framanfyre, og jagar mot målet, til den sigerspris Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus.

15 So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette;

16 berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret.

17 Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på deim som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme!

18 For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå segjer med tåror, at dei er fiendar av Kristi kross,

19 dei som endar med fortaping, som hev buken til sin Gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting.

20 For vårt borgarsamfund er i himmelen, der me og ventar Herren Jesus Kristus ifrå som frelsar,

21 han som skal umskapa vår nedrings-likam, so han vert lik hans herlegdoms-likam etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.

4. kapitlet

1 Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi gleda og min krans, statt soleis faste i Herren, de kjære!

2 Evodia påminner eg, og Syntyke påminner eg um å vera samlyndte i Herren.

3 Ja, eg bed og deg, du som med rette heiter Synzygus, ver deim til hjelp! for dei hev stridt med meg i evangeliet saman med Klemens og mine andre medarbeidarar - deira namn stend i livsens bok.

4 Gled dykk i Herren alltid! atter vil eg segja det: Gled dykk!

5 Lat dykkar godlynde verta kjent for alle menneskje! Herren er nær.

6 Gjer dykk ingi sut for noko ting; men lat i alle ting dykkar ynskje koma fram for Gud i påkalling og bøn med takksegjing!

7 Og Guds fred, som gjeng yver alt vit, skal vara dykkar hjarto og dykkar tankar i Kristus Jesus.

8 Elles, brør, alt det som er sant, alt det som er æva verdt, alt det som er rettferdigt, alt det som er reint, alt det som er elskelegt, alt det som hev eit godt namn, kvar ei dygd og alt som priseleg er, det gjeve de gaum etter!

9 Det som de og hev lært og motteke og høyrt og set hjå meg, gjer det! Og fredsens Gud skal vera med dykk.

10 Eg vart storleg glad i Herren, av di de endeleg ein gong er komne so vidt til velmagt att, at de kunde tenkja på min bate, som de og fyrr tenkte på, men de hadde ikkje høve til det.

11 Ikkje so at eg segjer dette av trong, for eg hev lært å vera nøgd med det eg hev.

12 Eg veit å liva i ringe kår, eg veit og å liva i nøgd; i alt og i alle ting er eg innvigd, både å verta mett og vera svolten, både å hava nøgdi og hava vanråd.

13 Alt magtast eg i honom som gjer meg sterk.

14 Men endå gjorde de rett i å vera med meg i mi trong.

15 Men de veit og, de filipparar, at i den fyrste tid evangeliet kom til dykk, då eg for frå Makedonia, kom ingen kyrkjelyd i rekneskap med meg yver gjeve og motteke utan de åleine.

16 For ogso i Tessalonika sende de meg både ein gong og tvo gonger det eg turvte.

17 Ikkje so at eg trår etter gåva; men eg trår etter den frukt som rikleg kjem dykk til gode.

18 Men no hev eg fenge alt og hev nøgd, eg hev fullt upp, sidan eg med Epafroditus fekk sendingi frå dykk, ein yndeleg ange, eit offer til fagnad og hugnad for Gud.

19 Og min Gud skal etter sin rikdom fullt upp bøta på all dykkar trong i herlegdom i Kristus Jesus.

20 Men vår Gud og Fader vere æra i all æva! Amen.

21 Helsa kvar heilag i Kristus Jesus! Brørne hjå meg helsar dykk.

22 Alle dei heilage helsar dykk, mest dei som høyrer til keisarens hus.

23 Herren Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024